Hilfe
© TicketCo AS 2025.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
📍 Hovegården
🕔 Servering frå kl. 17:00
🍽 Middag: Hjortegryte med potetmos – kr 245,-
🐟 Snacks: Friterte torsketunger med sitron, tang og aioli – kr 185,-
📍 Kjellarhuset
🕡 18:30 – Dørene opnar, her vert det ein enkel bar.
🎵 19:00 – Konsertstart
Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.