Klaus Vatne - «Songar» av Jon Fosse | Svanøy

Klaus Vatne er ein Bergensmusikar som har vore aktuell med eigne tonesettingar av Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009 ) sidan 2011.

page view image
Event date

Friday 18 Oct 2024 19:00

Ends Friday 18 Oct 2024 20:15
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

Medlem av SFA
For medlemmar av Svanøy Folkeakademi.
Vaksen
For vaksne som ikkje er medlem av Svanøy Folkeakademi.
Alle under 18 år
event image

Event information

Klaus Vatne - «Songar» av Jon Fosse.
Konsert på Svanøy Kro fredag 18.okt kl 19:00.

I mange av tekstane til nobelprisvinnande Fosse er det tett med referansar til populærmusikken han vaks opp med, og det vert sagt at Fosse opprinneleg bar på ein draum om å verte popmusikar.
I tonesetjingane til Klaus Vatne tek han desse referansane på kornet, og nyttar 60- og 70talet sine musikalske grep for å formidle tekstane frå "Songar".

Slik får vi rett og slett ei tolking av Fosse som er både jordnær og underhaldande. 

Halvard (Svanøy FA sin senior-kulturkonsulent) møtte musikaren Klaus fyrste gong på ei relativt luguber kneipe ved Hustadvika tidleg på 90-talet. Den gong var det Vatne sine referansar i retning av Elvis og Beatles som prega uttrykket. Dette er ting Halvard framleis meiner å finne spor av i Klaus sine nyare komposisjonar.

Klaus seier sjølv om prosjektet:
"Melodiane kom relativt lett, eg trengte ikkje presse dei fram, det var som om teksten leda an og viste vegen- og slik meiner eg det skal vere! Eg vonar difor at tekst og melodi samarbeider og skapar ein organisk heilskap saman. Kan ein seie det slik utan å verte svulstig?
Tematikken spenner frå kjærleik (sjølvsagt), von, sorg, kvardag, humor og mykje meir. Tekstane er lett tilgjengelege og har eit enkelt språk men uttrykker mykje meir på same tid.
Fosse er jo kjend for å vilje uttrykke det «uutseielege». Løyndommen og kunsten ligg jo oftast i det uforklarlege og fantastiske, dette som me kan ane eller så vidt klarer famne i ein stakka stund. Slik tenkjer eg og med musikken også; den har same syfte. Om eg har lykkast å fange nokre slike augeblink og samstundes tilført tekstane ein ekstra dimensjon, så skal eg være særs nøgd".


Vel møtt til ei triveleg stund på Kroa med Jon Fosse sine tekstar. Til tonar av Klaus Vatne.

Rutebåt frå Florø kl 14.30 eller 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.

Waiver

Billettar ver kun refundert ved avlyst arrangement.

Organizer
Svanøy Folkeakademi