Lyarscena: Trio - Fløyte møter cello møter piano | Svanøy
Vi er så heldige som får besøk av Lyarscena våren 2025. Hjarteleg velkomne på Kjellarhuset!

Ein variert konsert med Bohuslav Martinů sin «Trio», opus 300, og anna gull frå det klassiske notearkivet. Noemi, Sanja og Helga får endeleg oppfylt ønskje om å ha ein eigen konsert som trio!
- Sanja Dukanac - cello
- Helga Lied Wyrtz - fløyte
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
📍 Hovegården
🕔 Servering frå kl. 17:00
🍽 Middag: Hjortegryte med potetmos – kr 245,-
🐟 Snacks: Friterte torsketunger med sitron, tang og aioli – kr 185,-📍 Kjellarhuset
🕡 18:30 – Dørene opnar, her vert det ein enkel bar.
🎵 19:00 – KonsertstartRutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.
Waiver
Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.