Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Halvard (Svanøy FA sin senior-kulturkonsulent) møtte musikaren Klaus fyrste gong på ei relativt luguber kneipe ved Hustadvika tidleg på 90-talet. Den gong var det Vatne sine referansar i retning av Elvis og Beatles som prega uttrykket. Dette er ting Halvard framleis meiner å finne spor av i Klaus sine nyare komposisjonar.
Klaus seier sjølv om prosjektet:
"Melodiane kom relativt lett, eg trengte ikkje presse dei fram, det var som om teksten leda an og viste vegen- og slik meiner eg det skal vere! Eg vonar difor at tekst og melodi samarbeider og skapar ein organisk heilskap saman. Kan ein seie det slik utan å verte svulstig?
Tematikken spenner frå kjærleik (sjølvsagt), von, sorg, kvardag, humor og mykje meir. Tekstane er lett tilgjengelege og har eit enkelt språk men uttrykker mykje meir på same tid.
Fosse er jo kjend for å vilje uttrykke det «uutseielege». Løyndommen og kunsten ligg jo oftast i det uforklarlege og fantastiske, dette som me kan ane eller så vidt klarer famne i ein stakka stund. Slik tenkjer eg og med musikken også; den har same syfte. Om eg har lykkast å fange nokre slike augeblink og samstundes tilført tekstane ein ekstra dimensjon, så skal eg være særs nøgd".
Vel møtt til ei triveleg stund på Kroa med Jon Fosse sine tekstar. Til tonar av Klaus Vatne.
Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.
**Merk at Kroa ikkje har kokk denne dagen, men det er høve til å kjøpe seg snacks og mat på butikken, som ligg vegg i vegg med Kroa.**