page view image

Brochmanns forsvarstale

Ein gløymd stemme frå historia reiser urolege spørsmål vi framleis ikkje har svar på.

Informasjon
event image

Brochmanns forsvarstale
🎭 Teaterframsyning | Fredag 30. mai kl. 18:00
📍 Norsk Hjortesenter, Svanøy (2. etasje)

Ein pasifist og anti-nazist på tiltalebenken.
Året er 1947. Bertram Dybwad Brochmann – stortingsmann, samfunnsdebattant og gartnar – må møte i retten, tiltalt for landssvik.

Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen framfører denne sterke monologen, basert på autentiske rettsdokument, referat og Brochmanns eigne ord. Framsyninga løftar fram dei store dilemma frå mellomkrigstida – og minner oss på kor aktuelle dei er i dag.

🎟 Produsert av Fjaler Turnéteater i samarbeid med Folkeakademiet.

Medverkande:
– Torkil Sandsund (manus og regi)
– Marianne Solberg (dramaturg)
– Kyrre Eikås Ottersen (skodespelar)
– Frida Noris Kveane (teknikk og suffli)

  1. Praktisk informasjon:
  2. - Teaterstart: kl. 18:00
  3. - Høve til eit lite glas før framsyninga
  4. - Rutebåt frå Florø kl. 16:00 / Retur frå Svanøy kl. 20:50
  5. - Buss frå kaia kl. 17:30 – inkludert i billetten (begge vegar)
  6. - Buss går attende til kaia etter framsyninga – Kroa er open!

Arrangør: Svanøy Folkeakademi i samarbeid med Hjortesenteret.

teater svanøy

Ansvarsfraskrivelse

Billettar ver kun refundert ved avlyst arrangement.