page view image

Lisa&Lunden sin smått legendariske turnékviss @Flokenes!

Quizkveld i grendahuset i Flokenes – med alt det fører med seg 😄

Informasjon
event image

No skjer det! Lisa & Lunden dreg ut i verda for å freiste si lukke der! Hadde Brugalten vore litt grunnare kunne dei ha vassa på jobb, for det er sjølvaste grendahuset i Flokenes som får besøk av våre to heltar, og den imøtekommande pingvinen. 

Laurdag 27. september kan du rett og slett late deg quizze av Lisa & Lunden på bortebane! 

Det vert levande musikk, varierte oppgåver, lotteri og nokre overraskingar undervegs.

  • Dørene opnar kl 18.00.
  • Quizstart kl 19.00


Kjøp billetten din på TicketCo, kom åleine eller ta med flokken din. 

De er alle hjarteleg velkomne!


🌟Til deg som ikkje har vore på Lisa & Lunden-quiz før: Dette er ein kveld med spørsmål, musikk, latter og litt lotteri – ikkje ein beinhard kunnskapstest. Passar for alle som likar å kose seg i lag.


Arrangør: Flokenes Grendahus og Lisa&Lunden.
(Svanøy Folkeakademi gjev berre ei hand med billettsalet)


quiz livemusic

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert kun refunderte ved avlyst arrangement.