Lisa&Lunden sin smått legendariske vinkviss på hallovin!
Vi feirar Halloween 🎃

Lisa og Lunden, i samarbeid med Svanøy Folkeakademi, er ikkje reint lite begeistra for å invitere til quiz fredag 31. oktober kl. 19:00 – denne gongen i ekte hallovin-ånd.
Det vert meir eller mindre musikalske innslag, varierte og smått overraskande oppgåver, lotteri, og kanskje eit og anna som ikkje heilt let seg forklare.
Halloween skal jo fyllast med skrekkblanda fryd, grøss og gru! Derfor har vi funne ut at dei musikalske innslaga denne gangen skal framførast av laga sjølv, som KARAOKE! Individuelt eller som gruppe.
Her er det berre å være kreativ! (tips: Det er ikkje så flaut om du har kledd deg ut...)
Lisa har laga ei lita liste av låtar de kan velge frå. Om de har andre ynskjer til låtutval, eller ynskjer å "halde av" ei låt de kan øve på til Quizen, seier de frå til Lisa på førehand, så fiksar ho dette :)
Her er det musikalske koldtbordet:
ABBA – Dancing Queen
Lady Gaga – Poker Face
Toto – Africa
Village People – Y.M.C.A.
Stevie Wonder – Superstition
Tina Turner – Proud Mary
Black Sabbath – Paranoid
Queen – Bohemian Rhapsody
Alice Cooper – Poison
Backstreet Boys – I Want It That Way
Lisa og Lunden vil vurdere innslaga etter rein underhaldningseffekt, og premiere innsatsen deretter.
Vi oppmodar publikum til å kle seg ut – det vert sjølvsagt premie til beste kostyme.
Kjem du frå fastlandet, rekk du både quiz og siste båt attende til Florø.
De er alle hjarteleg velkomne!
Ansvarsfraskrivelse
Billettar vert kun refunderte ved avlyst arrangement.