page view image

Lyarscena: Betty Mouat - Med revna segl over Nordsjøen | Svanøy

Ei sann historie frå havet: Ei kvinne, ei seglskute og ei dramatisk reise frå Shetland til Sunnmøre. Frøholm og Bjørdal tolkar forteljinga om Betty Mouat med ny musikk og folketonar frå kystkulturen – i Lyarscena: Frå scena til sjela.

Informasjon
event image

Nye og gamle verk inspirerte av forteljinga om shetlandske Betty Mouat som skulle til Lerwick til legen, vart overraska av uveir, og dreiv i land på Lepsøya på Sunnmøre.


  1. Britt Pernille Frøholm - fele 
  2. Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel

Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit. 

Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle. 

Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.

Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»


  1. Mat på kan du kjøpe på butikken, det går fint ann å ete den på Kroa. 
  2. I baren sel Lisa flytande til kopp og glas. 
  3. Velkomne!


Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.

svanøyfolkeakademi svanøy

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.