page view image

Østerlide konsert på Svanøy

Informasjon
event image

Østerlide konsert på Svanøy

Dato: 23. august 2024 kl. 18:30
Stad: Kjellarhuset på Svanøy

Svanøy Folkeakademi inviterer til ein unik konsertoppleving med Østerlide, eit band som vidarefører den rike musikalske arven frå Haugianar-rørsla.

Med røter i både folkemusikk og salmetradisjon, skaper Østerlide ein magisk atmosfære der fortid møter notid. Dei har henta inspirasjon frå Thomas Kingos salmar, spesielt «Nu rinder solen opp av østerlide», som har gitt bandet namnet sitt.

Svanøy var eit kraftsenter for Haugianar-rørsla i Sunnfjord. Ole Torjussen Svanøe og sonen Christopher er kjende som dei mest markante tilretteleggjarane her, og var begge aktive både rikspolitisk, og som bedriftsutviklarar. Gjennom haugianar-rørsla fekk folk råd, trøyst og hjelp i både andelege og praktiske spørsmål. Den praktiske delen er velkjend og godt dokumentert, der måtehald og tidleg industribygging stod som grunnpilarar. Den andelege, og ikkje minst musikalske, historia har derimot vore noko nedprioritert.
Østerlide ønskjer å heidre denne historia med ein konsert på Kjellarhuset.

Vi gler oss til å ønskje deg velkomen til denne spesielle konserten.


Liv Ulvik – vokal
Andreas Haddeland – gitarer
Ulrik Ibsen Thorsrud – slagverk

Konserten er støtta av: Norsk Kulturråd, FFUK og Creo Vestland


svanøyfolkeakademi svanøy

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.