Solgangsfunk & Buskspel 2021

Arrangementsinformasjon

Vel møtt til Solgangsfunk & Buskspel 2021! I år lyt vi ha førehandssal av alle billettar. Sjå også kart, då busking skjer samstundes på ulike stader.

I 2019 arrangerte vi Solgangsfunk & Buskspel for fyste gong. Dette ønskjer vi å gjere att i 2021. Solgangsfunk & Buskspel er ei massemønstring av levande kulturuttrykk på Svanøy. I følje offisielle og veldokumenterte historiske kjelder, har øya vore eit viktig skandinavisk kultur- og impulssenter dei siste tusen åra. Dette har ikkje Svanøy tenkt å slutte med.

Svanøy Folkeakademi er ein friviljug dugnadsorganisasjon. Målet vårt er å gje den enkelte høve til å delta i eit rikt kulturliv og skape "kultur der du bur". Hovudarenaen vår er på Svanøy, men vi har også fleire ikkjekomersielle arrangement i Florø og elles i distriktet. Svanøy Folkeakademi har 101 betalande medlemmer, var stifta i 2015 og vi har i gjennomsnitt 40 arrangement i året. Ønsker DU å bli medlem? Ta kontakt med oss :)

Mrs and the Pitifuls på Kulturlåven, Solgangsfunk 2019. Foto: Heidi Hattestein

Vi vil kunne oppleve kultur på garden, i garasjen, på verandaen, bak ei togskinne, oppå ein gammal kongegrav, etc. Rett og slett syne folk kvardagen på Svanøy i eit kunstperspektiv. Val av scener er gjort på bakgrunn av at vi meiner historia er felles eige. Vi har derfor framleis eit ynskje om å gje publikum tilgang på den unike Svanøyhistoria gjennom å arrangere konsertar heime hos folk som bur i husa med historia i veggane. I gamal industrihistorie, og dagens kultur ved å samarbeide med næringslivsaktørane.

Norsk Hjortesenter under Solgangsfunk 2021. Foto: Heidi Hattestein

I 2019 hadde vi 12 eventar på ei helg, spreidd rundt på heile øya. Det var med høgt kuntsnerisk nivå og med brei apell. 

For Solgangsfunk & Buskspel 2021, er målet å gje helga endå meir breidde og gjere ho meir familievenleg. I nært samspel med kreftene på øya, sponsorar og friviljuge vil vi utvikle potensialet i fleire spanande arenarer på øya for nye, eventyrlege kulturopplevingar.

Følg oss på Facebook eller www.solgangsfunk.com for nyhende om Buskspel og andre aktivitetar.



Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert kun refundert ved kansellert arrangement.