Spiselig Hage | Svanøy Kro
Vel møtt til eit inspirerande foredrag med Dennis Asbjørnsen, ein av Noregs leiande hageformidlarar! Han deler smarte dyrkingsmetodar, praktiske tips og erfaringar som gjer det lettare å få mest mogleg ut av kjøkkenhagen.

🌱 Spiselig hage – foredrag med Dennis Asbjørnsen 🌱
Dyrking handlar ikkje berre om grøne fingrar, men om kunnskap, metode og erfaring. I dette foredraget deler Dennis Asbjørnsen praktiske strategiar for å få mest mogleg ut av kjøkkenhagen – anten du har ein stor åker eller ein avgrensa vokseplass.
🔸 Effektiv arealutnytting og samplanting
🔸 Fransk samplanting med blomster i kjøkkenhagen
🔸 Skadedyrhåndtering og førebygging
🔸 Enkle, berekraftige og rimelege dyrkingsmetodar
Dennis er ein av Noregs mest profilerte hageformidlarar, kjend for å kombinere fagleg tyngde med entusiasme og praktiske løysingar.
Velkommen til eit inspirerande foredrag for deg som vil utvikle kjøkkenhagen vidare! 🌿
Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.
**Merk at Kroa ikkje har kokk denne dagen, men det er høve til å kjøpe seg snacks og mat på butikken, som ligg vegg i vegg med Kroa.**
Ansvarsfraskrivelse
Billettar ver kun refundert ved avlyst arrangement.