Lyarscena: Slåttespel på trekkspel | Svanøy Folkeakademi 10 år!
Opplev Ole Nilssen sitt nybrottsarbeid med å overføre hardingfeletradisjonar til trekkspel – ei sjeldan musikkstund i Lyarscena, på Kjellarhuset. Velkomne!
Information

🎈 Svanøy Folkeakademi fyller 10 år! 🎶
Fredag 4. april inviterer vi til ei jubileumskveld full av smakar og tonar – med hjorteburgarar, bursdagskake og trekkspelmusikk av ypperste klasse!
Ole Nilssen delar smakebitar frå arbeidet sitt med å overføre speleteknikkar, harmoniføringar og formspråk frå hardingfele til trekkspel – ei musikalsk oppleving du ikkje vil gå glipp av.
🎂 Program på Kjellarhuset:
🕔 Mat frå kl. 17:00 (hjorteburgarar m/coleslaw og brød – tusen takk til Hovedgården og Hjortesenteret!)
🕕 Kake à la Gro frå kl. 18:00
🎶 Konsertstart kl. 19:00
🍷 Baren er open – takk til Alex!
🎫 Konsertbillett må kjøpast – men maten er ei gåve :)
Alle er hjarteleg velkomne!
Både medlemmar og ikkje-medlemmar, fastbuande og tilreisande.
🚢 Rutebåt frå Florø kl. 16:00, retur frå Svanøy kl. 20:50.
Det er rett i underkant av 10 min å gå frå kaia til Kjellarhuset.
Følg asfalten.
Vel møtt til ein kveld med varme, musikk og godt lag!
– Med audmjuk takk for dei ti første åra, frå alle oss i Svanøy Folkeakademi.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.