KEiiNO på Askrova
Laurdag 27. juli kjem Keiino attende til Askrova!
I fjor var det over 400 gjester som fekk oppleve dei live på fotballbana. Etter fjorårets suksess, vil bandet gjenskape den magiske kvelden i havgapet.
Konserten er todelt: først blir det joikekurs for barna med Fred Buljo kl. 17.00, og hovudkonserten startar kl. 18.00. Barn i barnehagealder har gratis inngang på begge delane.
Frå kl. 21.00 spelar Tom Hugo med vener eigne songar og coverlåtar frå Johnny Cash til Postgirobygget. Garantert allsang!
Program:
Kl. 17.00: Joikekurs for barn.
Kl. 18.00: Konsertstart KEiiNO
Kl. 21.00: Tom Hugo med vener går på scena for trubadurkveld.
Du kan kjøpe deg billett til KEiiNO-konsert med joikekurs for 300 kroner, kun trubadurkveld med Tom Hugo og vener for 250,- kroner, eller rett og slett berre kjøpe fellesbillett til begge deler for 450,- kroner!
Det vert grilling med salg av mat og drikke. (Medbrakt ikkje lov).
Rutebåt fra Florø kl. 14.30. Vi set opp ekstra båt ved behov.
Retur kl. 20.00 og 23.30 til Florø sentrum.
- Her er også gjestebrygger om du kjem med eigen båt.
Har du spørsmål, ta kontakt med:
Ragnhild: 97648956, eller Terje: 96627989
Arrangør: Askrova Bygdelag.
Svanøy Folkeakademi gjer ei hand med billettsalet :)
Ansvarsfriskrivning
Billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.