Lyarscena: Slavisk Fantasi | Svanøy
Vi er så heldige som får besøk av Lyarscena våren 2025. Hjarteleg velkomne på Kjellarhuset!
Melodiar og dansar inspirert av slavisk folkemusikk, kledde i ei ny drakt. Det blir både lidenskap og humor når dei tre musikarane speler tradisjonelle tonar i eigne arrangement.
- Julia Gåsvær - kornett
- Mari Therese Martinussen - euphonium
- Ole Nilssen - trekkspel
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
Hovedgården tek i mot publikum frå 17.00 Du kan ete ein enkel middag i restauranten, eller kople av med eit glas i stovene.
18:30 Dørene opnar på Kjellarhuset.
19:00 konserten startar.
Rutebåt frå Florø kl 16:00. Retur med avgang kl 20.50 frå Svanøy.
Waiver
Kjøpte billettar vert kun refundert ved avlyst arrangement.