Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Brochmanns forsvarstale
🎭 Teaterframsyning | Fredag 30. mai kl. 18:00
📍 Norsk Hjortesenter, Svanøy (2. etasje)
Ein pasifist og anti-nazist på tiltalebenken.
Året er 1947. Bertram Dybwad Brochmann – stortingsmann, samfunnsdebattant og gartnar – må møte i retten, tiltalt for landssvik.
Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen framfører denne sterke monologen, basert på autentiske rettsdokument, referat og Brochmanns eigne ord. Framsyninga løftar fram dei store dilemma frå mellomkrigstida – og minner oss på kor aktuelle dei er i dag.
🎟 Produsert av Fjaler Turnéteater i samarbeid med Folkeakademiet.
Medverkande:
– Torkil Sandsund (manus og regi)
– Marianne Solberg (dramaturg)
– Kyrre Eikås Ottersen (skodespelar)
– Frida Noris Kveane (teknikk og suffli)
Arrangør: Svanøy Folkeakademi i samarbeid med Hjortesenteret.